Tareskog med fisk på Revtangen, Jærkysten i Rogaland. Foto: UWPhoto.

Tilrår vidareføring av verneplan-arbeidet for fem marine område

Miljødirektoratet foreslår på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet at verneplanarbeidet for fem marine område, som det tidlegare er meldt oppstart for, vert vidareført i 2014. 

Marine verneområde

Gjennom marint vern tek ein sikte på å beskytte et representativt utval av marine område langs norskekysten og sikre mangfaldet av artar og naturtypar.

 

Noreg har tre marine verneområde i Nordland, Nord-Trøndelag og Vest-Agder.

 

Miljødirektoratet tilrår overfor Klima- og miljødepartementet at verneplanarbeidet vert vidareført for fem marine område i 2014.

 

Alle dei fem områda er mellom dei 36 kandidatområda som eit rådgjevande utval i 2004 blinka ut som aktuelle for vern.

 

Verneforslag vil bli utarbeidd og send på høyring etter nærare oppdrag frå Klima- og miljødepartementet.

Dei tre første marine verneområda i Noreg vart oppretta av Kongen i statsråd den 21. juni i fjor. Då var det Framvaren i Vest-Agder, Tauterryggen i Nord-Trøndelag og Saltstraumen i Nordland som fekk denne vernestatusen. Desse områda er blant dei 36 kandidatområda for marint vern. Miljødirektoratet har no sendt ei anbefaling til Klima- og miljødepartementet om den vidare prosessen for marint vern her til lands.

Direktoratet rår til at ein vidareførar arbeidet med ytterlegare fem av kandidatområda. Dette gjeld Skarnsundet og Borgenfjorden i Nord-Trøndelag, Røberg og Gaulosen i Sør-Trøndelag og Jærkysten i Rogaland.

– Dei fire områda i Trøndelag vil, saman med Tauterryggen marine verneområde, gje eit nettverk av slike område i Trondheimsfjorden. Ein samla verneplanprosess der fylkesmennene samarbeider, gir òg effektivitetsgevinst, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Einaste område i Rogaland

I Rogaland, tilrår Miljødirektoratet at det vert starta ein verneplanprosess på Jærkysten. Området er det einaste som er blinka ut som kandidat for marint vern i fylket.

– Eit marint verneområde her, vil bidra til å bevare eit særeige område, med store grunne parti og ein spesialisert fauna. Det skjer ein avgrensa fiskeriaktivitet i området, men det er ikkje lagt opp til restriksjonar for denne, seier Ellen Hambro.

Vidare tilrår direktoratet at det vert arbeidd vidare med vern av ytre del av Transekt Skagerrak i 2014, og at dette ses i samanheng med planane for Raet nasjonalpark.

36 kandidatområde

Områda som er nemnde i Miljødirektoratet sitt forslag til departementet, inngår alle i tilrådinga frå «Rådgivende utvalg for marin verneplan» som i 2004  anbefalte at 36 område vart tekne med i første fase av arbeidet med marint vern.

Dei 36 områda vart blinka ut fordi dei har særeigne naturkvalitetar, og fordi dei samla er representative for den variasjonsbreidda som finst i den undersjøiske naturen vår.

Verneforslag vil bli utarbeidd og send på høyring etter nærare oppdrag frå Klima- og miljødepartementet.

Relaterte lenker

Kontakt

seksjonsleder Knut Fossum
naturarvseksjonen
telefon: 918 14 201

Tema